JON-FREDE ENGDAHL
Jon-Frede Engdahl er gründer, leiar og føredragshalder med mat som utgangspunkt og merkevare som verktøy
Engdahl har vore med å starte fleire av Norges mest profilerte konsept innan mat, merkevare og berekraft. Han er ein av gründerane bak Kolonihagen – ein av landets tydelegaste merkevarer for ansvarleg matproduksjon, bygt frå kjøkkenbenken heime og i dag på veg mot milliardomsetning i norsk daglegvare.
I dag leiar Jon Frede Kolonihagen i det daglege, og kombinerer gründerblikk med verdibasert leiarskap og langsiktig forretningsutvikling. Han var også éin av tre som grunnla Michelin-restauranten Maaemo, og har etablert både designbyrå, reklamebyrå og forlag. I tillegg er han styreleiar i Cultura Bank – Norges eineste fulltransparente, verdidrevne bank – og i The Oslo Company, eit leiande reklame-, design- og produksjonsbyrå med bredt nedslagsfelt innan kreativ næring.