RITA SÆVIK
Rita Sævik – dronninga av havet!
Rita Christina Sævik er født i Ecuador og vart adoptert til Fosnavåg som 1- åring. Ho meiner hennar tydelegheit som leiar er genetisk og stammar frå heimlandet.
Rita er ei dyktig forretningskvinne som får til det ho bestemmer seg for. Ho er administrerande direktør og medgründer av Ervik & Sævik, eit selskap innan fiske og offshore, som vart etablert i 2006. Rita har alltid hatt ei sterk tilknytning til sjøen og vaks opp med ein lidenskap for fiske. Dette godt påverka av faren, som tok henne med på fisketurar heilt frå småbeins av. Som 14-åring fekk ho bli med han på ein tre vekers tur, og på denne turen vart ho «frelst» og bestemte seg for å satse på ei karriere innan det maritime.
Rita er kjend for ein inkluderande og visjonær leiarstil, der ho kombinerer praktisk erfaring frå maritim næring med ein sterk evne til å tenkje strategisk. I Ervik & Sævik har ho ansvar for den overordna drifta, forretningsutvikling og kontakt med eksterne samarbeidspartnarar. Ho legg vekt på å skape eit godt arbeidsmiljø og å støtte lokalsamfunnet i Fosnavåg, noko som kjem til syne gjennom hennar lidenskap for kunst og etableringa av Galleri R/ART på Horisont.
No ser vi fram til å høyre Rita frå scena under årets Leiarkonferanse, kva som motiverer henne og korleis ho tenkjer rundt temaet «Frå samarbeid til suksess».