ANE DAHL TORP
Ane Dahl Torp kjem til årets Leiarkonferanse!
Vi er utruleg stolte av å kunne presentere Ane Dahl Torp som føredragshaldar på årets Leiarkonferanse!
Ane Dahl Torp er ein av landets mest kjære skodespelarar, og no kjem ho endeleg tilbake til Ulsteinvik etter å ha lagt capsen på hylla som forballtrener Helena i NRK-serien «Heimebane».
Vi ser veldig fram til å høyre Ane sine refleksjonar rundt dei ulike rollene vi går inn og ut av som menneske. Ho vil dele konkrete grep om korleis eie rommet, handtere prestasjonspress og formidle med gjennomslagskraft, sjølv når nervane dirrar, samt gi oss matnyttige strategiar for å stå sterkare i forventningar, levere med tryggheit og nå ut til dei du står foran. Alt dette for at du skal stå tryggare og sterkare i både eige liv og arbeidskvardag.
Vi ser SÅ fram til å høyre Ane Dahl Torp frå scena på Sjøborg i Ulsteinvik.
