Jan OLAV BAARØY
Jan Olav Baarøy er sidan 1. mars 2026 vore administrerande direktør ved Høgskulen i Volda.
I 2018 flytta Jan Olav og familien med ektefelle og fire barn frå Oslo til Førde for å bygge opp Norec - Norsk senter for utvekslingssamarbeid, som er ein etat i Utanriksdepartementet. Gjennom 8 år rekrutterte Norec meir enn 80 personar til det senteret som i dag har ansvar for evaluering av all norsk utviklingsbistand og rekruttering av nordmenn til FN og andre internasjonale organisasjonar.
Med eit tydeleg oppdrag, klår distriktsprofil, har Norec tiltrekt seg like mange søkjarar til stillingane i Førde, som dei gjorde når dei oppererte frå Oslo. Strategien var vide og inkluderane tiltak for arbeidsmiljøet, der øverste leiar alltid bana veg for eit inkluderande arbeidsliv.
Jan Olav går i fjellet og spelar i brassband. På tredje kornett (alas «bakrekka») i Jølster Musikklag, nyt han det å vere ein av mange, vert inspirert og noterer tips til samspel og leiing som kjem godt med i direktørstillinga i Volda, der han dette første året har mottoet «låge skuldre, løfta blikk».
No gler vi oss til å høyre hans visdom frå scena på Sjøborg 24. september.
