Glenn Solberg

Vi er enormt stolte av å få besøk av verdas beste handballtrenar, Glenn Solberg, til årets Leiarkonferanse! Glenn har vore i gamet lenge – både som profesjonell handballspelar og handballtrenar. Sidan 2020 har han gjort suksess som landslagssjef for det svenske herrelandslaget, som han leia fram til EM-gull i fjor!

Men vegen fram til hit har ikkje berre vore enkel. Glenn hadde ein tøff barndom, og meiner sjølv at idretten redda livet hans. Han røkte, sniffa både bensin og lim og stal bilar. Heldigvis hadde Glenn ein trenar som verkeleg brydde seg, som såg potensialet i guten og leita han opp når han var på feil plass. Mykje av lærdomen frå denne trenaren har Glenn tatt med seg vidare i si karriere. Høyr den unike historia under årets Leiarkonferanse.

Forrige
Forrige

Nina Pereira Kvadsheim

Neste
Neste

Christian Pritchard