Trond Sundnes

Trond er nok ein gut frå Dimna med heile verda som nedslagsfelt.
Han er konserndirektør for eit av Noregs viktigaste mediekonsern, den globale mediaktøren DN Media Group. DN Media Group eig Dagens Næringsliv, Fiskeribladet, Europower, Intrafish.no og Kystens Næringsliv. Av internasjonale næringslivsmedia eig dei m.a. verdas leiande shippingavis Tradewinds, i tillegg til Upstream, Recharge, Intrafish.com og Hydrogen Insight. DN Media Group har cirka 450 ansatte i Noreg, Storbritannia, Singapore og USA og omsette i 2022 for 857 millionar kroner.
Trond har vunnet SKUP-prisen i Noreg to gongar og har tidlegare jobba i VG, Vårt Land og Vikebladet Vestposten.

Forrige
Forrige

Tom Emil Olsen

Neste
Neste

Erlend Haugsbø