Ole Rolfsrud

Vi er så heldige å ha med oss Ole Rolfsrud som programleiar for Leiarkonferansen. Ole er ikkje berre kjend som ishavsbygda Brandal sin store son, han er heile Noregs Ole kjend frå NRK, som på eit særs dyktig vis leiar alt frå live sportssendinger til familieshow og humor. Ole er Sunnmøring og vaksen opp med fjæra som nabo, og er forma av Sunnmøre, med alt det inneber av storbåra, forteljartradisjon og innovasjonstrong.
Ole er med for fjerde året på rad, og vi er utruleg glad for at nettopp han vil leie oss gjennom ein stor og spanande dag. Vi gler oss stort til å oppleve korleis han vil knyte dei ulike tema saman og slik veve ein raud tråd, slik som berre han kan.

Forrige
Forrige

Isabelle Ringnes

Neste
Neste

Tom Høgli