Tom Høgli

Tom Høgli er for mange kjend frå tida som profesjonell fotballspelar i Bodø/Glimt, Tromsø IL, Club Brugge og FC København. Gjennom 49 kampar som spelar og kaptein på det norske herrelandslaget utmerka han seg som ein av dei beste høgrebackane i Europa. Sjølv etter at Tom la dei profesjonelle fotballstøvlane på hylla, har han vore involvert i sport: som samfunnskontakt i Tromsø IL og no som prosjektkoordinator i Arctic Race of Norway.
Tom er kjend for å ta eit stort samfunnsansvar - både på og av bana. Han har vore sterkt engasjert i Tromsø ILs gateslag i fotball, og viste under fotball-VM i Qatar i 2022 internasjonalt leiarskap da han og Tromsø IL fronta ein internasjonal kampanje for å rette merksemd mot menneskerettigheitsbrota der.


Tom tek leiing og leiarskapet på alvor, og fekk NISOs heiderspris i 2022. Vi gler oss stort til å høyre han dele sine tankar om korleis bygge og leie lag, og korleis stå opp for og løfte fram eit verdibasert leiarskap i ein total-kommersialisert sport.

Forrige
Forrige

Ole Rolfsrud

Neste
Neste

Trond Håkon Schaug-Pettersen